Hopp til hovedinnhold

Ei risikabel vakt: Om natt- og åleinearbeid på energistasjonar

Samandrag

Nesten 10 000 personar jobbar på energistasjonar1 i Noreg. Ei særleg utfordring ved desse jobbane, er at mange jobbar åleine på kveld og natt. Føremålet med dette notatet er å kaste lys over denne arbeidskvardagen.

Tilsette på energistasjon har ei relativt låg lønn samanlikna med andre grupper i samfunnet. Ein person som jobbar på energistasjon tente våren 2024 rundt 1900 kroner mindre enn ein som jobba i butikk i månaden, før ein la ved tillegg.2 Tillegga er også vesentleg høgare i butikk enn på energistasjon.

I dette notatet har vi gjennomført ei spørjeundersøking blant Handel og Kontor Norge sine medlemer i Energistasjonsoverenskomsten. Undersøkinga viser at mange jobbar åleine kveld og natt, og at mange er misnøgde med eige lønnsnivå. Mange svarer at dei generelt opplever tryggleik på jobb, men at dei er meir utrygge når dei er åleine.

Vi har også gjennomført fem djubdeintervju med tillitsvalte i HK som organiserer tilsette ved energistasjonane. Desse fortel alle om å ha opplevd ei rekke veldig alvorlege situasjonar rundt tryggleik. Det kjem også fram ei rekke erfaringar med seksuell trakassering.

Det er eit avvik mellom dei overordna positive svara rundt opplevd tryggleik på energistasjon i spørjeundersøkinga, og dei alvorlege historiene som kjem fram i intervjua.

I dei kvalitative intervjua er det gjennomgåande at dei tillitsvalte har forståing for stasjonanes økonomiske situasjon. Likevel er det ynskje om høgare lønn og tiltak for å sleppe å vere så mykje åleine på jobb som dei er i dag. Det blir for eksempel føreslått å flytte nokre oppgåver til nattskiftet, sånn at talet på timar åleine på natt blir lågare.

I intervjua kommer det også fram at folk med utfordringar knytt til rus eller psykiatri, eller folk som er einsamme, oppsøker energistasjonane og bruker det som ein stad å vere. Samtidig er det ein del som søkjer sosial kontakt og støtte av dei som er på jobb. Dette kompliserer arbeidskvardagen, og fleire av dei vi intervjua, som har lang erfaring i bransjen, fortel at dette er eit aukande problem.

Fleire seier at dei ikkje vil tilrå denne jobben til andre. Ein fortel han oppfordrar kollegaer til å heller begynne i butikk. Ein annan seier at han ikkje vil at barna hans skal oppleve det han har gjort i sine arbeidsår. Dette er uttrykk for at det er grunnleggande utfordringar knytt til låg lønn og utryggleik på jobben som går ut over trivsel og ynskje om å jobbe på energistasjonar over tid.

Innleiing

I 2021 var det 1845 energistasjonar i Noreg.3 Dei siste åra har det blitt fleire stasjonar totalt, fordi det er fleire automatiske stasjonar. Samtidig har talet på stasjonar som er bemanna gått ned. Ein del av drifta er også delt, sånn at eit selskap driv energiutsalet, mens eit anna selskap driv kiosk- og matsalsdelen av drifta.

Energistasjonane omsett for 62,6 milliardar kroner i året. 80 prosent av inntektene ved stasjonene kommer fra salg av drivstoff. Driftsmarginane i bransjen var på to prosent i 2022.

Det er ti energistasjonskjeder som opererer på den norske marknaden, der Uno X, Circle K, St1 og Esso har mesteparten av omsetninga.4 I samband med dette notatet tok vi ein ringerunde til desse ti kjedene for å kartlegge kor mange av stasjonane som har nattope. Det var det ingen av dei som svarte tydeleg på, enten fordi dei ikkje satt på oversikta eller fordi dei ikkje ville dele denne informasjonen.

Bakteppet for dette notatet var at vi ville undersøke korleis arbeidskvardagen er for dei som jobbar i denne bransjen. I dag er det om lag 9900 tilsette ved norske energistasjonar.5 Energistasjonar skil seg ut ved å ha høg grad av kvelds-, natt- og åleinearbeid. Samtidig er dei tilsette i jamn kontakt med kundar.

Notatet har følgande oppbygning: I kapittel 2 går vi gjennom resultata frå den kvantitive undersøkinga. I kapittel 3 følger dei kvalitative intervjua med tillitsvalte på energistasjonar. Desse intervjua er lange, for å kunne gi eit breiare innblikk i deira erfaringar. I kapittel 4 er ein oppsummering med dei viktigaste funna frå dette arbeidet.

Spørreundersøking

Samandrag

Våren 2024 gjennomførte HK, med bistand frå Tankesmien Agenda, ei undersøking av HKs medlemer i energistasjonsoverenskomsten. Overordna viser undersøkinga at:

  • Mange av dei tilsette på energistasjon jobbar åleine.
  • Nesten halvparten er åleine på jobb kvar dag.
  • Det er særleg sein kveld og natt folk jobbar åleine.
  • 44 prosent har opplevd særleg utrygge hendingar mens dei var på jobb åleine.
  • Høgare lønn er særleg ynskja som tiltak for å gjere arbeidsvilkåra betre

Det er likevel eit fleirtal som verkar relativt trygge i kvardagen. Det er fleire som er einige enn ueinige i at dei har tilstrekkelege ressursar til å handtere naudsituasjonar åleine. 50 prosent seier også dei er godt førebudde på å handtere uføresette hendingar eller naudsituasjonar åleine, mens 13 prosent seier dei er dårleg førebudde.

Samtidig meiner over 50 prosent at jobbtilfredsheita blir redusert av åleinearbeid. Relativt mange, 44 prosent, har opplevd situasjonar som var spesielt utrygge mens dei jobba åleine. I kommentarfeltet kjem det fram at dette særleg handlar om situasjonar knytt til kundar påverka av rus, men at det også handlar om valdstruslar. Nokon fortel også at dei har opplevd å bli slått ned på jobb.

I kapittel 3 av notatet er ei rekke intervju med tillitsvalte som kan kaste lys over desse tala. Det verkar som om folk som har jobba lenge i bransjen ofte har opplevd veldig alvorlege situasjonar.

Om dei som svarte på undersøkinga

114 svarte i undersøkinga, som ble gjennomført i mars/april 2024 blant HKs medlemer i Energistasjonsoverenskomsten, ein relativt liten overenskomst. Undersøkinga hadde ein svarprosent på 33 prosent. 76 prosent av respondentane var kvinner, 24 prosent var menn.

Figur 1 viser aldersfordelinga til dei som svarte. Dette viser at sjølv om det er mange unge som jobbar på energistasjon, er det overvekt av tilsette som er midt i livet.

Stolpediagram med oversikt over hvor mange prosentandel ulike aldersgrupper har jobbet ved energistasjoner.
Figur 1: Alder

Om åleinearbeid

Figur 2 viser at om lag halvparten av dei spurte jobbar åleine dagleg. Over 32 prosent jobbar åleine nokre dagar i veka. Berre ni prosent jobbar aldri åleine.

Mesteparten jobbar åleine på sein kveld og natt (Figur 3).

Når det gjeld kor ofte folk jobbar åleine på natt, er det 31 prosent som har svart at dei gjer dette dagleg (Figur 4). 42 prosent har svart at dei aldri jobbar åleine på natt. Med tanke på at mange stasjonar ikkje har nattope, er det naturleg at det siste talet er relativt høgt. Totalt gir dette eit inntrykk av at blant dei stasjonane som er opne på natt, er det mange som har tilsette som er på jobb åleine i dette tidsrommet.

Kakediagram med oversikt over andelen de som jobber ved bensinstasjon, jobber alene på skift.
Figur 2: Jobbar åleine, i prosent
Stolpediagram som viser hvilke tider av døgnet medarbeidere på energistasjoner jobber alene.
Figur 3: Til kva tider jobbar du åleine? Basert på dei siste fire vekene
Kakediagram med oversikt over hvor ofte medarbeidere ved energistasjoner jobber aleine om natten.
Figur 4: Kor ofte jobbar du åleine på natt?

Om opplevd utryggleik på jobb

På spørsmål om opplevd utryggleik på jobben, er det 36 prosent som har svart at dei av og til opplever auka utryggleik på jobben fordi dei jobbar åleine. 34 prosent har svart «sjeldan» og 14 prosent har svart «aldri» (Figur 5).

44 prosent av respondentane har opplevd situasjonar som var spesielt utrygge mens dei jobba åleine (Figur 6).

Her kunne dei legge inn kommentar for å fortelje nærmare kva som skjedde. 19 respondentar gjorde dette. Her er det ulike versjonar, men den mest gjennomgåande tematikken er kundar som er rusa. Her er nokre eksempel på kva dei svarte:

  • «Rusa personer som er utagerende».
  • «Utagerende, ruspåvirkede kunder»
  • «Når narkomane er innom»
  • «Fulle folk som ikke får komme inn på do og blir sure»
  • «Fulle folk kan være litt ekle som kunder. Og nå når russen kommer tilbake, dem kan være litt vanskelige på natt med mange busser og fyll på samme plass»

Vald er også eit gjentakande tema blant dei som har lagt inn kommentar:

  • «Truet med kniv og verbale trusler»
  • «Aggressiv kunde, med dødstrusler og hærverk»
  • «En kunde ville drepe meg»
  • «Ble slått av kunde»

Denne undersøkinga har som nemnt innleiingsvis eit relativt lite utval respondentar, men blant dei som svarte og valte å legge inn ein kommentar, er det svært alvorlege situasjonar som kjem fram.

Respondentane blei også spurd kva tryggleikstiltak som er på plass for å sikre tryggleik når ein jobbar åleine (Figur 7). Her var det over 80 prosent som hadde både naudalarmar og overvakingskamera. 23 prosent hadde fysiske sperrer, som gjerde, glasvegg eller nattluke. 6 prosent hadde vektarar på kveldstid og natt.

39 prosent hadde fått opplæring i tryggleiksrutinar spesifikt for åleinearbeid. 26 prosent hadde delvis fått dette (Figur 8).

I undersøkinga blei respondentane spurd om dei føler at dei har tilstrekkelege ressursar til å handtere potensielle naudsituasjonar åleine (Figur 9). Dei fleste svarte «nøytral» på dette spørsmålet, fleire var «einig» enn «ueinig».

Dei fekk også spørsmål om korleis åleinearbeid påverkar jobbtilfredsheita. Her var svara meir overvektig kritiske enn positive (Figur 10). Over halvparten meinte at dette hadde ein negativ effekt på trivselen.

Stolpediagram med overiskt over hvor ofte medarbeidere ved energistasjoner føler seg utrygge alene på jobb.
Figur 5: Opplevd auka utryggleik ved å jobbe åleine
Kakediagram med oversikt over hvor mange medarbeidere ved en energistasjon som har opplevd en utrygg situasjon.
Figur 6: Har du opplevd situasjonar som føltes spesielt utrygge mens du jobba åleine?
Stolpediagram med oversikt over hvilke tiltak som er gjort for å sikre medarbeidernes trygghet alene på jobb.
Figur 7: Kva tiltak er på plass for å sikre tryggleiken din når du jobbar åleine?
Kakediagram med oversikt over hvorvidt arbeidere ved energistasjoner har fått opplæring i hvordan beholde trygghet alene på jobb.
Figur 8: Har du fått opplæring i tryggleiksprosedyrar spesifikt for åleinearbeid?
Stolpediagram med oversikt over hvorvidt medarbeidere ved energistasjoner føler at de har tilstrekkelige ressurser for en nødsituasjon alene på jobb.
Figur 9: Føler du at du har tilstrekkelege ressursar til å handtere nødsituasjonar åleine?
Stolpediagram med oversikt over hvordan alenearbeid påvirker jobbtilfredsheten til energistasjonsmedarbeidere.
Figur 10: Korleis påverkar åleinearbeid din generelle jobbtilfredsheit?

Forbetringar som kan gjerast på jobb

Eit av spørsmåla handla om kva forbetringar dei tilsette vil ha i sin jobb. Dei kunne velje opp til tre alternativ på lista. Her var det særleg mange som ville ha høgare lønn for kveld og natt, eller høgare lønn generelt (Figur 11).

På spørsmål om kor førebudd dei føler seg på uføresette hendingar eller nødsituasjonar åleine, svarer halvparten at dei er førebudd (Figur 12). Om lag ein tredel har ingen formeining, mens 13 prosent føler seg dårleg førebudd.

Dei fekk også spørsmål om dei ville legge til noko om å jobbe åleine på natt eller kveld. Her kom det 26 svar. Ein god del handla om lønnsnivå:

  • «Man har et enormt ansvar alene på natt, som burde belønnes bedre.»
  • «Jeg synes tariff er lav i forhold til det som butikkansatte har. Disse tariffavtalene bør være like.»
  • «Mer lønn og tillegg, alt for dårlig tillegg på bensinstasjoner.»

Det kom også fleire kommentarar om tryggleik på jobben:

  • «Man føler seg isolert og alene mye av tiden, periodevis mye stress pga. utrygg følelse.»
  • «Jobber alene på natt. Skulle ikke vært lov. Tøft miljø.»

Nokon tok også opp dette med mangel på pausar ved åleinearbeid:

  • «Ikke noe trivelig. Vanskelig å gå på do eller ha matpause.»
  • «Har ikke muligheter til pausen du har krav på.»

Nokre kommentarar var meir generelle eller gjekk på helsekonsekvensane av nattarbeid:

  • «Det er ikke noe jeg anbefaler verken for helsa, humøret eller familiesituasjonen.»
  • «Dårlig for helsa.»
  • «Burde ikke vært lov.»
  • «Burde ikke vært tillatt overhodet.»

Og nokre kom med forslag til kva som kan bli betre:

  • «Må være to på jobb.»
  • «Lønn og tillegg må opp betydelig for oss som jobber natt. Spesielt tillegg som ikke har endra seg på mange år.»

Overordna viser dette at det blant dei som har svart, og valt å legge inn ein skriftleg kommentar, er det eit ynskje om høgare lønn, meir reelle pausar eller fleire på jobb.

Stolpediagram med oversikt over forbedringer energistasjonsmedarbeidere vil se på jobb.
Figur 11: Kva forbetringar vil du ha i din jobb?
Stoplediagram med oversikt over hvor godt energistasjonsmedarbeidere føler seg forberedt på en nødssituasjon alene på jobb.
Figur 12: Kor godt førebudd føler du deg på å handtere uføresette hendingar eller nødsituasjonar åleine?

Intervju med tillitsvalte

Om intervjua

I denne delen av notatet presenterer vi fem intervju med tillitsvalte med lang erfaring frå bransjen. Intervjua er gjennomført i april 2024. Dei har fått mange av dei same spørsmåla, knytt til korleis ein arbeidsdag ser ut, kva som fungerer godt og mindre godt. Dei har særleg blitt utfordra på å fortelje om korleis kvelds-, natt- og åleinearbeidet fungerer.

Spørsmåla har gått inn på opplevd utryggleik og om det har vore situasjonar som har vore ubehagelege, og om rutinar for tryggleik. Intervjuguiden ligg i vedlegg 1.

I dette arbeidet var målet å få dei tilsette sine forteljingar og vurderingar av eigen arbeidskvardag. Dette er deira eigen versjon. Dei har sjølv godkjent intervjua i etterkant, og fleire har justert nokre enkeltdetaljar etter gjennomlesing. Vi i Tankesmien Agenda har ikkje ettergått og sjekka desse historiene.

Historiene dei fortel er sterke, og mange kunne hatt langt meir alvorlege utfall. Fleire har opplevd trusselsituasjonar frå rusa personar som kunne gått heilt galt. Seksuell trakassering, frå kundar eller kollegaer, er også eit gjennomgåande tema i desse samtalane. På grunn av alvoret i desse forteljingane, og for at folk skulle kunne snakke fritt, har vi valt å anonymisere dei tillitsvalte som har stilt opp i desse samtalane. Dei har fått fiktive namn.

Dei tillitsvalte har blitt utfordra på kva grep som kan bli gjort for å betre arbeidssituasjonen på energistasjonar. Her er det gjennomgåande at folk ynskjer høgare lønn og/eller tiltak mot åleinearbeid. Samtidig blir det peika på at høgare tillegg på natt i seg sjølv kunne bidratt til at det blei mindre nattarbeid, fordi færre stasjonar ville hatt råd til å halde ope i det tidsrommet.

Mari: - Lønnsnivået er heilt shit

«Mari» er 25 år og har no jobba fem år på energistasjon. Ho har opplevd seksuell trakassering frå kollegaer og ubehagelege situasjonar med rusa kundar.

Mari jobbar 80 prosent, og stort sett dag, kveld og helg. Samtidig pleier ho å steppe inn som nattevakt dersom ein av dei to faste er borte. På kvelds- og nattevaktene er ho åleine på jobb.

Ho fortel om ein variert kvardag med ei lang rekke oppgåver ho skal fikse, men ho meiner ikkje lønna står i forhold til ansvaret.

– Lønnsnivået er heilt shit. Eg blir betalt slikk og ingenting for mykje jobb. Eg er kassamedarbeidar, men ikkje berre det. Eg er ikkje kokk-kokk, men er til dels ein kokk. I tillegg er eg servitør, reinhaldspersonell og vaktmeister. Skjer det noko, må eg kome ned med skrutrekkaren. Eg må vere litt bilmekanikar og hjelper til litt. Vi har ganske mange hattar på hovudet og blir betalt som ingen av dei. Og timestillegga – jesus christ, det er jo til å le av, fortel ho.

I helgene, når det er mange på byen, og på sommaren, når folk er ute, kan det vere mykje som skjer. Men vanlegvis er det ganske roleg, med trailersjåførar som dei vanlegaste kundane.

Mari har fått opplæring i oppgåvene sine, men ikkje i kva ho skal gjere om det kjem vanskelege kundar. «Vi har ikkje lært korleis vi skal løyse konfliktar eller vere trygge om det skulle bli vanskeleg, for eksempel med kundar som er berusa», seier ho.

Det er ein situasjon som skjer relativt ofte, at det kjem kundar inn som er under ruspåverknad. Energistasjonen er plassert like ved nokre samfunnsbustadar.

– Dei som bur der er vakne døgnet rundt og går mykje innom stasjonen. Dei kjem og kan «okkupere oss» lenge, fortell ho.

Kva meiner du med «okkupere oss»?

– Dei kan vere påverka av alkohol og narkotiske stoffar, så vi snur ikkje ryggen til dei når dei er her. I praksis betyr det at det er vanskeleg for oss å gjere oppgåvene våre. Dei kan fint bruke ein time på å gå rundt i butikken, seier Mari.

Ho fortel at dette kan skje veldig ofte. «Om det er ei natt der ingen av desse kjem innom, er det snodig», seier ho.

No har dei to nattevaktene på stasjonen tatt opp med Mari, som er tillitsvalt, at dei vil ha meir opplæring i kva dei skal gjere med vanskelege, og særleg ruspåverka, kundar. Men då Mari gjekk vidare til sjefen med ynskje om eit kurs, skjedde det ikkje så mykje. Sjefen sa noko om at han ikkje veit korleis han skal løyse det. Han ville sjå an situasjonen, ifølge Mari.

Ho fortel at dei føler seg åleine når det skjer vanskelege ting på kveld eller natt, for då er det ingen dei kan drøfte situasjonen med på jobb. På spørsmål om kva som kunne gjort arbeidssituasjonane betre når ein er åleine på jobb på kveld og natt, peikar ho på at det hadde vore nyttig med vektarar som kom innom.

– Eg hadde vore sjukt takknemleg om vi kunne fått ein vektar innom av og til, for det gir deg veldig tryggleik å vite at det kjem nokon innom som ein kan drøfte med seinare. Vi har ransalarmen, men vi har ingen alarm der vi kan plinge på til politi eller vektar om at ein treng hjelp i andre situasjonar, seier Mari.

Skjer det noko alvorleg, må dei ringe politiet og forklare situasjonen. Det er ikkje alltid så lett. For eksempel kan dei oppleve ruspåverka kundar som snakkar opp i ansiktet på dei, og då er det vanskeleg å ringe politiet. Mari saknar ein annan måte å kontakte politi eller vektar på.

Dei har mindre kontantar på stasjonen enn før, og det gjer stasjonen mindre ransutsett. Ho har aldri opplevd ran eller tyveri. Kollegaer har opplevd å bli rana for ei pakke røyk, men aldri for pengar. Det har likevel vore andre ubehagelege situasjonar:

– Ein gong eg ikkje var på jobb var det ein kunde som fekk hjartestans mens han var inne på stasjonen og omkom. Min største frykt etter det har vore at dette skal skje mens eg står der åleine. Eg veit ikkje kva eg skulle gjort då. Å stå og ta hjertekompresjonar og ringe ambulanse høyrest heilt frykteleg ut, fortel ho.

Ho har ikkje fått livredningskurs på jobb. Ho har også opplevd å vere åleine med kundar i butikken, under ruspåverknad, som har knivar på seg.

Mangel på do- og spisepausar

På dagtid og når dei er fleire på jobb, får ho tatt pausar som ho skal. Er ho åleine, som ho pleier å vere på kveldane, er det vanskelegare å få spist. «Eg prøvde nokre gongar å ta med middag eg kunne varme i mikrobølgeomnen, men kvar gong mikroen var ferdig, kom det ein ny kunde. Eg varma opp maten igjen, og når den var ferdig, kom ein kunde på ny», seier Mari.

Etter kvart ga ho opp, og no spiser ho ikkje når ho har kveldsvakt. Ho får gått på do på nattvakt, for då er inngangsdøra låst. På kveldsvakt er det vanskelegare, fordi døra i utgangspunktet er open. Må ho tisse, pleier ho å sjekke om det er bilar utanfor.

– Er det ikkje bilar, kan eg løpe kjempekjapt og tisse, så lenge eg har passa på at det ikkje har kjem nokon fyrst. Er det andre behov, held eg meg til eg kjem heim. Elles blir folk ståande og hamre utanfor døra, fortel ho.

Ho kunne tenkje seg å vere ein person til på jobb på kveld og natt, og hatt litt meir overlapping, for å dele på oppgåvene. Ho trur det kunne vore betre å vere fleire på jobb for dei tilsette si fysiske og psykiske helse, ikkje minst sånn at folk kan få spisepause og gå på do.

Slag på rumpa og seksualiserte kommentarar

På stasjonen har dei snakka ein del saman om at det er utfordrande å vere åleine på jobb, særleg med tanke på tryggleik. Ein av kollegaene til Mari opplevde for eksempel seksuell trakassering frå ein kunde. Han hadde kome opp til ho i kassa og fortalt om seksuelle fantasiar han hadde om ho.

«Det blei veldig ukomfortabelt. Kollegaen min ba han aldri snakke om det igjen», fortel ho.

Etter det har han ikkje dukka opp fleire gongar på stasjonen. Det har vore krevjande å få tilstrekkeleg støtte frå sjefen i møte med situasjonar med seksuell trakassering, både frå kundar og kollegaer. Akkurat no er det ikkje så mange kvinnelege kollegaer som har opplevd seksuell trakassering, men blant hennar tidlegare kollegaer hadde omtrent alle opplevd dette. Mari opplever at sjefen ikkje tar dette seriøst.

Ho har sjølv vore i gjentatte situasjonar med seksuell trakassering frå ein kollega, men fått lite hjelp når ho har tatt dette opp.

– Eg har blitt utsett for trakassering frå nestleiaren min, såpass grovt at det har gått ut over jobben. Eg har blitt tafsa på puppene. Når vi har vore på julebord, så har han sagt at han vil ta meg med på do og ha sex med meg og liknande ting. Så har han slått meg litt på rumpa, men aldri gjort noko grovare enn det, seier Mari.

Ho fortel at ho har levd med dette lenge. Det starta med ein gong ho begynte i jobben. Ho har no slutta å lene armene på disken når dei jobbar saman, for då slår han ho på rumpa.

Etter kvart bestemte ho seg for å ta opp at ein annan kollega hadde tatt på ho, med sjefen sin. «Nestleiaren min var sjukemeldt i lang, lang tid, og det var kjempedeilig. Med ein gong det var snakk om at han skulle kome tilbake, knakk det for meg, for eg hadde fått fri for det så lenge. Kroppen gjekk i shutdown-modus, og då kjente eg at eg måtte gjere noko med situasjonen», fortel ho.

Sjefen hadde eit møte rett før sommarferien, men så skjedde det lite. Når alle hadde avvikla ferien sin og var tilbake i jobb på hausten, var det fyrst som om han ikkje hugsa at ho hadde tatt situasjonen opp med han. Då ho tok det opp på ny, snakka han med nestleiaren og fekk han til å seie unnskyld til Mari. Etter det skjedde det ikkje meir med det, i følgje Mari.

«Eg fekk aldri spørsmål om det gjekk bra eller om eg trengte hjelp», seier ho.

Mari seier ho ikkje vil fortelje meir om situasjonane med nestleiaren før ho trur på at han vil ta det alvorleg.

Jens: – Eg har blitt trua med pistol, sabelkniv, banka opp og trua på livet

«Jens» har lang erfaring på energistasjon. Han starta som helgevakt i 1975 og har jobba fast nattevakt sidan 1980. Det betyr at han har jobba som fast nattevakt i 44 år. På natta pleier det ikkje å vere stor pågang, og mykje av jobben handlar om å gjere stasjonen klar for morgonrushet. Det går i reingjering av maskiner, smøre matpakker og steike bollar.

Han meiner det har skjedd noko med arbeidsvilkåra etter at stasjonen blei organisert som franchise. «Det var eit tidsskilje. Etter det er det ingen som tar ansvar for noko», seier han. Han har vore tillitsvalt i over 25 år og med det samla mange erfaringar.

Eit låglønnsyrke

Jens meiner det er mykje bra med jobben. For han er moglegheita til å ha fri avgjerande for at han har blitt i jobben såpass lenge. «Eg trivst med å ha fri annakvar veke. Å jobbe åleine på natt den andre veka er prisen å betale for det», fortel han.

Han seier at det er ganske få som vil jobbe nettene, fordi lønna er låg og det er meir slitsamt enn å jobbe dag. Dei hadde mykje høgare lønn før.

– I 1975 var dette ei lønn å leve av. No er dette blitt eit solid låglønnsyrke. Då vi bytta forbund på 1980-talet blei vi lova at vi på sikt skulle få butikklønn. Så tok butikkane oss igjen, og no har dei gått forbi oss. Ein 18-åring på Kiwi får meir tillegg laurdag ettermiddag enn eg har natt til sundag. Tillegga våre blir mindre og mindre verdt, seier Jens.

Han synst dette er urettferdig, ikkje minst med tanke på at dei jobbar for nokre av verdas aller rikaste selskap. Dei som tar opp olja og har aksjar tener godt, men dei som sel den tener lite.

«Det beste eg kan gjere for mine medlemer no er å få dei til å sikre seg ei høgare lønn ein annan stad», seier han. Han trur at høgare tillegg både kan bidra til at fleire organiserer seg og at fleire blir i jobben. Mange av hans kollegaer er unge og bur framleis heime. Dei har ikkje råd til å flytte heimefrå. «For dei er det ikkje relevant at ein får innbuforsikring av melde seg inn i HK», seier han.

Om kundane

Jens hugsar ikkje at han har fått opplæring frå nattarbeid, men han føler at han har nok erfaring til at det går bra. Han har stort sett faste kundar. Det er ofte når det er mange nye kundar at det blir bråk.

– Nokre dagar, som 17. mai, er det mange nye fjes som er innom, og som føler dei kan bråke fordi dei er borte heimefrå, er det utfordrande. Eg er nesten alltid åleine også i dei periodane det er ekstra mykje som skjer. Men dei verste kundane er fulle menn på min eigen alder, fortel Jens.

Det er travlare i russetida enn elles, men han synst ikkje dagens russ er verre enn foreldregenerasjonen deira var, då dei var russ. «Dagens ungdom er meir behagelege å ha innom enn dei var for 25-30 år sidan. Gjer du noko dumt no, blir du filma. Det er ein slags sosial kontroll som kjem meg til gode», seier han.

Han meiner også at risikoen for ran har gått ned med tida, fordi det er mindre kontantar i kassa enn før. Han understreker at han likevel trivst med mykje av jobben. Og folk er innom heile tida og vil prate. «Det er ikkje alltid interessant å snakke med alle, men nokon av dei er det fint å snakke med.»

Ingen hamring på dørene

Det varierer kor ofte Jens får pause i løpet av eit nattskift. Han spiser enkel, lettspist mat, som banan eller frukt. Han får aldri ein halvtimes pause i strekk, men kanskje fire pausar på sju minutt i løpet av ei natt.

Toalettbesøk går fint på natt så lenge han låser døra til stasjonen. Men det går ikkje om det er folk utanfor stasjonen. Men hamring på dørene ved toalettbesøk er ikkje eit problem.

Han meiner dei er nok folk på jobb så lenge det ikkje skjer noko unormalt.

– Når nokon sit fast i bilvaskemaskinen mens du står og steiker fire hamburgarar blir det vanskeleg. Skal du droppe hamburgarar for 600 kroner for å hjelpe i maskina, eller vente med å hjelpe? Det er heile tida sånne uventa situasjonar, og då blir kundane sure og må vente, fortel han.

Trua med sabelkniv

Har du nokon gong opplevd farlege situasjonar på jobb? «Eg har blitt trua med pistol, sabelkniv og banka opp. Eg har blitt trua på livet nokre gongar», seier han.

Jens er særleg bekymra for at det er mange fleire med store psykiatriske hjelpebehov som oppsøker energistasjonane enn før. «Desse kundane kan vere veldig ubereknelege. Det er meir rus og psykiatri no. Eg føretrekk at dei er rusa på hasj framfor alkohol, for då blir dei mindre sinte.»

Stasjonen han jobbar på ligg ved sidan av samfunnsbustadar for folk med rusproblem. Dei som bur der har han eit godt forhold til. Det har likevel vore ei rekke farlege situasjonar gjennom åra.

– På 17. mai for fire år sidan kom det ein mann som spruta bensin utover asfalten og tente på, før han løp av gårde. Det blei eit stort dampsmell, og røyken slo opp i taket over pumpene. Han hadde berre fått ut to liter, så då politiet kom, var det ikkje brann, men berre røyklukta igjen, fortel han.

Han har også blitt trua med pistol og sabelkniv på jobb, men det var mange år sidan. Det var også ein som kom og trua han med springkniv. I tillegg har han blitt banka opp.

– Ein gong skulle eg ta med kjærasten min ut på ein utestad i ein by i nærleiken. Der var det ein eg hadde møtt i arbeidstida og meldt til politiet for fyllekøyring mens eg var på jobb. Då blei eg slått rett ned, seier han.

Han fortel at han ikkje vil forsvare at det er sånn, men at ein må rekne med at ein er meir utsett når ein jobbar åleine på natta. Jens har eit godt forhold til politiet, men det har blitt vanskelegare når ein ikkje lenger kan ringe direkte til det lokale politiet.

– No må ein ringe til eit anna regionalt nummer, med ørten alternativ. Ofte kan det ta 10 til 11 minutt før det svarer på den andre sida. Då må ein velje mellom å ringe rett til nødnummeret eller å tenkje at ein skal stå i det åleine, fortel han.

Av og til kjem vektarar innom stasjonen for å vaske bilen eller handle mat. I dei periodane blir det ikkje bråk. «Og så har vi eit vaktselskap vi kan ringe til, men det er håplaust. Om det skjer noko, ringer dei berre vidare til politiet.»

Han har ikkje hatt livredningskurs. Dei har hatt brannvernkurs og ranskurs, men det er lenge sidan. Av og til kjem det nokon og naskar mens han er åleine i butikken.

– Frå halv tolv om kvelden til halv fem om morgonen er det eg som opnar og lukkar døra for å sleppe folk inn. Dersom folk stel noko i det tidsrommet, låser eg døra og ber dei betale før dei kan gå ut. Det er jo klart at eg, som er ein gamal mann med dårleg hjarte og glas foran auga, er den svake parten om noko skulle skje då. Samtidig må eg jo gjere noko, elles er det fritt fram til å stele, seier han.

Jens vil likevel understreke at foreldra til dei som er ungdommar i dag stal mykje meir enn dei som er unge no.

Dei har ikkje hatt spesielle utfordringar knytt til seksuell trakassering på Jens sin stasjon, men han har høyrt ein del frå andre. «Det er ein del kvinner som blir trakasserte av sine overordna på andre stasjonar. Ein retailer eg veit om har hatt som krav at dei kvinnelege tilsette må ligge med han, elles får dei ikkje jobb», fortel Jens.

Vil ha like vilkår som butikktilsette

Når vi kjem inn på kva som kunne gjort arbeidskvardagen betre, viser han til at dei hadde betre vilkår før.

– Skulle ynskje vi gjekk tilbake til avtalen med Transportarbeiderforeninga og får det vi hadde der. Mange som sluttar hos meg startar i butikk. Folk får ikkje kjøpt stad å bu i nærleiken om dei jobbar på bensinstasjon. For oss er det viktig med høge sentrale tillegg, i praksis er det vanskeleg å få til å forhandle noko lokalt, seier han.

Han er kritisk til franchise-modellen. «Ein franchisetakar kan ha mange stasjonar, og det er vanskeleg for kjeden å ha kontroll med kva dei gjer. Min franchisetakar har gått frå å ha fire til to stasjonar, men han tar ut like mykje lønn til seg sjølv som før», seier han.

Det kunne også hjelpe med auka bemanning nokre av timane på nattskiftet, meiner Jens. Han er glad i å jobbe åleine, men han synst av og til det er nok arbeid for ein og ein halv person.

– Eg skjønner at det er dyrt å vere to heile tida. Men når noko skjer, hadde det vore greitt å vere to med tanke på tryggleik. Kanskje kunne det vere mogleg å flytte nokre oppgåver med vasking, rydding og varebestilling nokre timar, sånn at kveldsvakta jobba litt lenger og åleinetida blei litt kortare?, seier han.

Kim: – Eg har opplevd det meste

«Kim» har jobba 20 år på ulike energistasjonar og seier han har opplevd det meste. Han jobbar 100 prosent, kveld og helg, og stort sett berre åleine, med unntak av sundagar og når dei får leveransar. Der Kim jobbar no har dei ikkje nattope, men han har mykje erfaring med nattarbeid frå tidlegare.

«Ein blir vant med å jobbe åleine over tid. Eg har gjort det lenge. Stort sett er eg åleine frå eg kjem til eg går heim», fortel Kim. Han seier at det i blant er roleg, og i blant er det hektisk. Det varierer. «No har vi hatt ein roleg periode, men med betre ver kjem folk ut og vil ha softis, hamburger og milkshake. Det er bra, for det betre å ha noko å gjere enn at det ikkje er det», seier han.

Mange ubehagelege situasjonar

Kims stasjon har ein manual for korleis dei skal opptre ved brann, ran og liknande. Dei har også ein alarmknapp for ran, men den har han aldri brukt. På spørsmål om han har hatt ubehagelege situasjonar på jobb, fortel han om fleire erfaringar. «Det finst mykje folk i samfunnet som er ute, som vi møter, som har diverse problem, sjukdomar og sånn», seier han.

Han har opplevd å bli trua, eller at folk skal stele ting frå butikken, som pizza eller godteri. Det kan også vere gjengar. Situasjonar kan for eksempel oppstå når han skal ut av butikken for å fikse noko.

– Ein gong henta nokon brus mens eg var ute av stasjonen, og då gjekk eg etter dei, men då hadde dei kniv. Ein annan gong klatra også ein person inn gjennom kjølerommet og gjekk på lageret for å stele. Då stod denne personen berre der då eg kom inn på lageret, fortel Kim.

Kim rakk heldigvis å låse døra og ringe politiet, som kom fort. Han fortel også om ein annan gong da det dukka opp ein person som kledde seg naken og urinerte i butikken. «Eg ropte til han for at han skulle slutte, men eg skjønte jo at han var påverka av noko», forteller han.

Det er særleg på toaletta det kan skje ting. Folk har smurt avføring på veggane, eller ketsjup. Den verste situasjonen kom ein morgon Kim var åleine på jobb, på den førre stasjonen han jobba. Då kom ein kjenning inn i butikken.

– Denne gongen var han utkledd med dødninghodemaske og ljå og kom skrikande. Han var aggressiv og impulsiv. Vanlegvis høyrer han på meg, men denne gongen var han heilt ute. Då kom til slut politi og ambulanse og henta han. Men du veit aldri kva ein sånn person finn på. Han går ut og inn av behandlingsheimar, og plutseleg er han ute igjen, seier Kim.

Seksuell trakassering

Det har også vore situasjonar med seksuell trakassering i arbeidskvardagen. -Ein gong var det ein mann som stilte seg og onanerte på utsida av butikken, på ettermiddagen. Ein veit aldri kven ein møter og når. Ein blir litt blasert med tida, seier han.

Kim kjenner ikkje til at det har vore eit problem med seksuell trakassering blant tilsette på energistasjonane han har jobba på, men han fortel at det ikkje er uvanleg med seksuelle kommentarar frå kvinnelege kundar om natta.

– Eg jobba natt frå 2006 til 2012. I den perioden fekk eg mange uanstendige forslag, det eine grovare enn det andre. Det her var før metoo. Vi berre lo det bort. Det var ingen tanke då om kva ein skulle gjere – eg sa berre takk og lo det bort. Eg følte meg ikkje utrygg, men ein del ga seg ikkje, seier Kim.

Russetida har også vært et problem for Kim på jobben. Tidlegare jobba han på ein stasjon der det kunne vere opp til 200 personar rundt stasjonen, som knuste glas og spruta ketsjup. «Vi kunne låse dørene, men når nokon skulle ut, kom andre seg inn. Etter kvart bemanna vi opp og slapp inn ti om gongen. Det tok fleire år før dei rutinane kom på plass.»

Nok folk på jobb?

Då Kim jobba natt kunne det skje at folk kom og kasta opp på toalett, eller at det var avføring overalt. Då måtte han låse toalettet og vaske før han gjekk heim.

Men hender det at du må jobbe lenger enn vakta eigentleg varer?

«Det hendte der, særleg i russetida, eller på sommaren no. Det blir berre forventa at vi skal gjere oppgåvene våre», fortel han.

Han får ikkje tatt pausane han har krav på. «Nei, eg får aldri pause, får aldri satt meg ned. Det kan vere kundar ein vil kome vekk frå, men det går ikkje. Nokon tenkjer at eg skal vere psykologen for dei, men dei skjønner ikkje at eg har ein jobb å gjere. Då kjem ein aldri unna», seier han. Han fortel at kundane som vil prate for eksempel kan stå utanfor og vente på han når går inn på kjølelageret for å fikse ting.

Kim trur dette er fordi dei ikkje har så mange andre å prate med. Han fortel at det av og til er stille på jobb, mens andre gongar er det travelt, som på 17. mai. Då kan han ende opp med å stå ved softismaskinen åtte timar på rad. «På min stasjon hadde ikkje alle klart å gjere det eg gjer åleine. Du må vere dreven. Det hjelper å ha jobba lenge.»

Han får gått på toalettet med nokre tilpassingar. «Det er litt enklare å tisse enn andre ting, men det står ofte nokon og ropar utanfor likevel fordi eg har låst døra. Skal eg noko meir, må eg få nokon til å vente og passe butikken.»

Kim meiner det er lettare å jobbe på dei dagane dei er to på jobb. Han synst dagane går fortare då, mellom anna fordi det er rom for å ta pause.

– Det tar på helse, føter og rygg når ein aldri kan setje seg, og ein aldri får spise. Eg kan ta ein pølse bak kassa når eg er åleine, men det blir slitsamt. Dei gongane vi er to, merkar eg at ein ikkje går med den der spenninga og det mentale stresset. Eg slepp å vere åleine heile tida, seier Jens.

Han fortel at han skjønner at det ikkje kan vere dobbel bemanning døgnet rundt, men han etterlyser pausar så han kan setje seg ned. Auka lønningar vil ikkje hjelpe med den biten. «Eg føretrekk to på jobb i staden for meir pengar. Då kan ein få meir pause og tid til å samle seg».

På spørsmål om han ville anbefalt denne jobben til andre, er svaret nei. «Om eg hadde ein son eller dotter i 20-åra, vil eg ikkje at dei skulle hatt same arbeidsliv og forhold som eg har hatt».

Knut: – Nyttig med rutine

«Knut» er 41 år. Han har jobba ti år på energistasjon, sidan 2014. Den stenger midnatt og opnar igjen klokka seks. På stasjonen er det stor pågang. «Eg er heldig som jobbar på ein så stor energistasjon, men det er også ei belastning. Vi er ikkje fleire tilsette enn vi må ha. Vi må jobbe effektivt», fortel han.

Knut jobbar ein del kveld, og då er dei også to på jobb samtidig. Dei har såpass med kundar at det er vanskeleg å gjere jobben åleine. Difor tar dei heller ikkje pausar på pauserommet. Dei er heller ute i butikken, sånn at dei kan steppe inn om det skjer noko.

Han fortel at det er tungt å jobbe kveld. Han meiner det er belastande over tid å kombinere dag- og kveldsarbeid. Det er også krevjande med ein turnus som kan slå uheldig ut på helligdagar. «Eit år måtte eg jobbe alle dei raude dagane. Eg hadde begrensa motivasjon når eg visste kor store tillegg folk i andre yrke får», seier han.

Tryggleik på jobb

Stasjonen har døgnkvileplassar for lastebilar. Han fortel at det kan oppstå ubehagelege situasjonar sjølv om dei er to på jobb, men at det då hjelper å vere meir enn éin. Det er nyttig med rutine i ubehagelege situasjonar. «Ein fyr kom igjen og blotta seg for unge damer på stasjonen. Han kjeppjaga eg ut. Når du er ny, er det mange situasjonar som er utrivelege», seier han.

Det kjem ein del kundar frå lokalmiljøet som driv med rus innom stasjonen. Ofte kjem dei etter klokka 22 om kvelden. «Eg har blitt god til å sjå på pupillane til folk etter kvart. Det er triks ein lærer etter nokre år i butikk. Eg har høyrt at det har vore situasjonar der eg ikkje var der, der unge kollegaer syntest det var ubehageleg på jobb», fortel han.

Han fortel at dei har ein mal som seier kva dei skal gjere. Men alle har ikkje vore på ranskurs, desse kursa er ikkje ofte nok.

Russetid er ei særskilt utfordring. «Vi blir ein naturleg stopp for russebussar. Det er mykje forskjellig språkbruk. Eg føler med dei unge tilsette, spesielt damer, som får kommentarar som du ikkje høyrer på dagtid. Det er ikkje bra å stå åleine i ein sånn situasjon», seier Knut.

Han meiner det ikkje alltid det er så lett å ordne opp, sjølv om ein er vaksen og har erfaring. «Sjølv om eg er røsleg, er det ikkje berre-berre å handtere ein gjeng på 7-8 stykk.»

Han fortel at det hjelper å prøve å vere smidig når det blir vanskeleg, og å unngå å søkje konflikt, for då blir det lettare tilspissa. Risikoen er at ein då lar det bli litt svinn. Knut lar heller ting gå av og til, for at konfliktnivået ikkje skal gå opp.

Når det gjeld nasking, er det meir vaksne enn ungdom som naskar. På kurs har dei lært å melde i frå om folk naskar. Knut noterer tidspunktet og går til kamera, men det er ofte vanskeleg for politiet å identifisere folk i etterkant likevel, når dei som tok varene har gått ut av området.

– Vi har ein eldre herremann som alltid prøver å ta med seg tre aviser. Men vi kjenner jo igjen sånne som han etter kvart, fortel Knut.

Seksuell trakassering

Knut seier at det er ein del yngre kollegaer som har opplevd uønska seksuell merksemd. Stasjonen har tilbod om do og dusj for lastebilsjåførar, og det kan føre med seg ein del situasjonar. «Når unge kollegaer låser opp, kjem det ofte spørsmål om å bli med i dusjen. Ein 17 år gamal kollega skal ikkje måtte høyre dei tinga. Men eg er glad for at vi er to på jobb, for vi prøver å ta tak i det så fort som mogleg», fortel han.

Han seier også at ein del mannlege kundar bruker eit språk som ikkje alltid passar seg. Dei tilsette har namneskilt på uniformane sine, der fornamnet står. Ein gong kom eit fotballag som søkte opp ein kollega av Knut på Facebook og sendte trakasserande meldingar der.

Dei tilsette har prøvd å ta opp at dei ikkje vil ha namnet sitt på skiltet, på grunn av denne typen situasjonar. Nokon har ynskja å bruke eit uekte namn. Då har tilbakemeldinga vore at desse namneskilta blir brukt for tilbakemelding frå kundar, og at det må vere basert på ekte namn.

Tiltak for betre kvardag

På spørsmål om kva som kan gjere kvardagen betre, har Knut fleire innspel.

– Det er ideelt å vere to på jobb. Men alle stasjonar har ikkje økonomi til det. Eg synst eigentleg ikkje vi skulle hatt døgnopne bensinstasjonar i utgangspunktet. Grunnen til at så mange har det er at ubekvem-tillegget er så lågt som det er. Det er eit tillegg å le av, for å vere ærleg. Med tanke på all risikoen er ikkje 30 kroner mykje verdt, seier han.

Knut ynskjer seg at dei skulle bli definert som ei samfunnskritisk gruppe og få høgare lønn, mellom anna på grunn av funksjonen dei har for lastebilar. «Det er ein grunn til at folk ikkje blir i yrket. Dei står åleine og lønna veier ikkje opp for det du kan bli utsett for på jobb», seier han.

Knut fortel om ein kamerat som stod på jobb då ein kunde stal drivstoff. Dåfekk kameraten lønnstrekk, fordi sjefen hans meinte det var hans feil. Knut meiner også at det er ein del cowboy-verksemd knytt til stasjonane som er franchise.

Arbeidstid

Stasjonen er i stor grad basert på deltidsarbeid. Knut jobbar 100 prosent. Så har dei to som jobbar over 90 prosent og ein del stillingar over 60 prosent. Ei kvinneleg kollega starta for 10 år sidan i ein 70 prosent stilling, og ho har prøvd å jobbe så mykje ho kan for å auke stillinga si. I fjor kom ho opp til ein stillingsbrøk på 98 prosent, i følgje Knut.

Knut fortel at ungdommane han jobbar med har ei anna innstilling til fast jobb. Dei vil styre helgene sine sjølv, difor seier dei nei til fast stilling. Når kveldstillegga er så låge som dei er, er det ikkje verdt det å forplikte seg til det, meiner dei. Dei unge kollegaene prøver heller å få vikariat på sjukeheim, der det er betre tillegg og høgare bemanning, med mindre risiko.

Knut har notert mykje frå ulike situasjonar som har oppstått på jobb. Han seier at energistasjonen er viktig for lokalmiljøet.

– Bensinstasjonen er eit knutepunkt for mange i ei bygd. Det er ein positiv ting å ha. Men det har endra seg mykje på 30 år. Tida der det var tre på bilverkstaden samtidig som nokon var inne i butikken er over. Samtidig har tillegga blitt mykje lågare sidan 1990, seier han.

Han synst dette er urettferdig, med tanke på at lønna er høgare i matbutikk. «Under pandemien såg ein nytteverdien energistasjonar har. Lastebilsjåførane er heilt avhengige av oss for å spise, kvile og vaske seg. Men lønna står ikkje i forhold til arbeidet», avsluttar Knut.

Sara: – Det er mykje som skjer

«Sara» har jobba åtte år på bensinstasjon. Ho starta med kveldsvakter, men no går det mest i nattarbeid. Før jobba ho sju netter på og sju netter av, før ho måtte redusere jobben på grunn av helsa. No jobbar ho eit par netter i veka, men meir i periodar med god form.

Sara fortel at nattevaktene blir gjennomført åleine. Dei har ein del jamn pågang, mellom anna frå folk som skal på ein flyplass i nærleiken. I nokre periodar er det meir pågang, som i julebordsesongen, påskeferien og i russetida. Då kan det vere travelt.

Å jobbe åleine på natt på ein god besøkt bensinstasjon kan ha sine utfordringar. «Tryggingssituasjonen på jobb er betre enn han var. Vi har etter kvart fått eit system for å rapportere inn om noko skjer. Det er QR-kodar ulike stadar på stasjonen, der vi kan melde frå om ulike hendingar, som vald, trakassering eller anna», fortel Sara. Ho seier at energistasjonskjeden då har eigne folk som ringer det og følger opp i etterkant, fortel Sara.

Samtidig løyser ikkje dette utfordringa med at det kan oppstå akutte situasjonar. Sara fortel at om ho trykkar på alarmen, tar det mellom 30 og 40 minutt før det kjem nokon.

– Både vektarane og politiet har ansvar for eit såpass stort distrikt at dei ikkje er i nærleiken, så dei siste gongane det har vore noko, tok det førti minutt før dei kom. Kva skulle vi gjort om det då var vald?, spør ho.

Sara seier at ho har tatt dette opp, og no er avtalen at dei både skal trykke på alarmen og ringe 112.

Om sommaren er det ein del alkoholikarar og narkomane som kjem innom. Som regel blir det berre litt kjefting eller steling av sjokolade. Men det kan også skje meir alvorlege ting, fortel ho. «Ein kollega var åleine på jobb og opplevde at det var nokre fulle kundar som kasta pølser og brus på ho. Det var ikkje hyggeleg i det heile tatt», seier Sara.

Det er lenge sidan no, men Sara og fleire av kollegaene hennar har opplevd at kundar har tatt tak i ho. Det var ein som prøvde å løfte ho over disken. Ein kollega blei nærmast overfalt då ho var på veg til å kaste søppel.

Sara fortel at nokre kundar har blitt veldig opptatt av å følgje med på dei. «Nokre kundar kan bli litt stalker-aktige og finn oss på sosiale mediar. Ein kunde begynte å dukke opp der eg lufta hunden», fortel ho. Etter dette fekk Sara sjefen til å ta bort fornamna til dei tilsette frå kvitteringane.

Det har også vore andre vanskelege situasjonar for Sara sine kollegaer. Ein opplevde at ein person hadde tatt overdose og blei dårleg ute ved bensinpumpene. Då var det ingen til å hjelpe til, og kollegaen måtte sperre av området og ringe sjukebil åleine. «Det er mykje som skjer», seier Sara.

Ho synst særleg åleinearbeidet er krevjande. «Det vi har tenkt mykje på er at det å stå åleine på natt, er at du blir så isolert. Og eg trur mange ser at det kan vere ein fysisk påkjenning, men mange tenkjer ikkje på det isolerte. Ein er borte når familie og vener er heime, og ein søv når dei er vakne. Du blir i ei veldig spesiell boble», fortel ho.

Sara fortel at dette tærer psykisk på mange, og det er lett å føle seg litt gløymt, for eksempel om dei andre på jobb gløymer å gi beskjedar vidare til nattevaktene. «Dei gløymer oss litt», seier Sara.

Nokre gongar kan det bli veldig hektisk på kveldane. Om det er kampanjar med halv pris på burger, kan du ha kø til døra. Det er vanskeleg å hjelpe nokon som vil kjøpe gass samtidig som det er sju burgarar under bestilling, fortel ho.

Sara får ikkje tatt pausar som ho har rett på mens ho er på jobb, verken om ho jobbar natt eller kveld. Om ho hentar ein kaffikopp, rekk ho som regel eit par slurkar før den blir kald. «Det er eit evig dilemma om når ein skal ta seg tid til å gå på do», seier ho. I det siste har det blitt litt lettare, etter at dei fekk lov til å låse døra til stasjonen og gå på do. Før var det ikkje lov. Men det blir generelt lite pausar.

Sjølv om Sara har jobba åtte år på stasjonen, fekk ho rans- og tryggleikskurs for fyrste gong i haust, og då var det i regi av HK. Sara fortel at mange av dei yngre kollegaene på jobb synst det er skummelt å vere åleine på jobb. «Dei kan vere redde for å trykke på alarmen om det skjer noko, og å tenkje at dei overreagerer. Men eg prøver å få dei til å bli tryggare på det», seier ho.

Sara har fått rutine etter kvart på å handtere situasjonar med rusa kundar. Det beste er å smile, eller vere ganske nøytral, og å prøve å handtere situasjonen så roleg som mogleg.

Både Sara og fleire kollegaer har opplevd seksuell trakassering frå kundar. «Vi som er litt eldre fleipar det vekk, men eg veit at ein del av dei yngre jentene har hatt litt trøbbel. Då har sjefen har tatt tak i kundar og sagt at dette ikkje er greitt», seier ho.

Ho fortel at ho også har hatt kundar som har tafsa litt, men då har dei fått tydeleg beskjed om at det ikkje greitt. Etter det har dei latt det vere. «Det har ikkje vore superalvorlege situasjonar, men det er ille nok», fortel ho.

Sara fortel at ei anna utfordring ved stasjonen er rasisme frå kundar. «Det går på hudfarge, språk, og at kollegaene mine skal «dra heim der dei høyrer heime». Men heldigvis har vi ei leiing som, dersom dette skjer på dagtid, slår hardt ned på dette. Men det er jo berre på dagtid, når det er fleire på jobb.»

Ved stasjonen er det nesten berre deltidstilsette. Arbeidsgivar har ikkje vore god til å følge drøftingsplikten ved nye tilsettingar, så dei får stadig nye ekstravakter utan at tillitsvalte blir informerte i forkant.

På spørsmål om kva som kan gjere arbeidskvardagen betre, er tilbakemeldinga at det er for store lønnsforskjellar mellom energistasjon og butikk. Særleg på tillegga er det stor forskjell. «Forskjellane i lønn mellom oss og dei som er i butikk er avsindig. Samtidig bør det bli mindre åleinearbeid», seier Sara.

Ho trur det kunne blitt betre trivsel for dei tilsette, og betre kundebehandling, om dei var fleire på jobb. «Det er viktig med meir fokus på dette – at folk er einsamme og isolerte av å vere åleine på jobb, og at ein blir sliten. Det er ikkje det at vi ikkje vil jobbe natt, vi trur berre det finst betre måtar å løyse dette på», seier Sara.

Russetida kan vere litt slitsam. Stasjonen har ein lapp med at maks fem russ kan gå inn om gongen, men det høyrer dei ikkje på. Nyleg kom 5-6 bilar og ein buss samtidig, og då blei toalettet grist ned. Det er kjedeleg for den som er åleine på jobb, for ein blir ikkje ferdig med det ein skal gjere før tidlegvakta kjem.

– Det blir ein stressfaktor når du ikkje har kontroll på butikken på grunn av fulle folk, og du samtidig ikkje får gjort jobben din. Det betyr ikkje at det er ein valdstrussel, men det er ikkje noko ok likevel. Det blir stress, avsluttar Sara.

Konklusjon

I dette notatet har vi fått eit innblikk i arbeidskvardagen til tilsette på energistasjonar. Dette er ei gruppe arbeidstakarar som har hatt lite merksemd rundt sine arbeidsvilkår, men som fyller viktige roller over heile landet.

Det norske arbeidslivet er kjent for å overordna ha gode arbeidsvilkår, men med unntak. Arbeidet med dette notatet har vist at tilsette ved energistasjonar har ein del ekstra utfordringar knytt til tryggleik, åleinearbeid og lønnsnivåa, samanlikna med andre serviceyrke, som for eksempel varehandel.

Intervjua med folk som jobbar på energistasjon har gitt eit innblikk i ein arbeidskvardag med ei rekke krevjande belastningar, særleg som følgje av natt- og åleinearbeid. Dette er arbeid som kan ha negative konsekvensar for tilsette si trivsel og helse.

Dei vi har intervjua fortel om vanskelege situasjonar knytt til ruspåverka kundar, seksuell trakassering, rasisme eller truslar om vald. Når desse situasjonane oppstår, er det vanskeleg å finne gode løysingar åleine.

Det er også ei rekke utfordringar knytt til å få tatt dei pausane ein skal ha og spise mat i løpet av arbeidstida. Dette blir forsterka i travle periodar, som i russetida, der pågangen kan vere stor, og uro på stasjonane kan gi ekstra arbeidsbelastning for dei som er på jobb.

Til saman teiknar den kvantitative undersøkinga og intervjua eit bilete av risiko knytt til helse og tryggleik ved å jobbe åleine og på natt.

Vedlegg 1: Intervjuguide

  • Kan du fortelje om deg sjølv?
  • Kor mange timar i veka jobbar du?
  • Kor ofte jobbar du kveld og helg?
  • Kva er oppgåvene dine på jobb?
  • Kor mange tilsette er de på stasjonen?
  • Kor ofte jobbar du åleine?
  • Kva fungerer godt med din arbeidskvardag?
  • Kva fungerer mindre godt med din arbeidskvardag?
  • Er de nok folk på jobb til å få gjort arbeidsoppgåvene de skal gjere?
  • Har du opplevd nokre ubehagelege situasjonar på jobb?
  • Får du tatt pausane du har rett på i løpet av arbeidsdagen?
  • Kva tenkjer du om sikkerheitssituasjonen, generelt og åleine/på natt?
  • Har du fått opplæring i tryggleik på jobb, og spesielt opplæring i tryggleik knytt til åleine/natt-arbeid?
  • Har de rutinar for ubehagelege situasjonar, for eksempel rusa eller plagsamme kundar?
  • Har du opplevd seksuell trakassering?
  • Har de folk på jobb som jobbar deltid, og som kunne tenkje seg ein større stilling?
  • Korleis synst du det er å jobbe åleine?
  • Er einsemd på jobb eit problem hos dei som jobbar åleine hos dykk?
  • Er det stor pågång frå kundar når du er åleine på jobb?
  • Har de opplevd tyveri eller ransforsøk?
  • Har de mykje kontantar på stasjonen?
  • Har de overvåkningskamera?
  • Har de vektarar som kjem innom?
  • Korleis er det med rømningsvegar, alarm og ransknapp?
  • Er det spesielle utfordringar knytt til russetid, festivalar eller anna?
  • Kva tenkjer du er viktigast å ta tak i for å få ein betre arbeidskvardag?
  • Kva er viktigast for deg – høgare lønn eller fleire tilsette på jobb samtidig? Eller noko anna?
  • Er det andre ting du vil fortelje rundt arbeidskvardagen?

Fotnoter

1

Det har i bransjen blitt stadig vanlegare å omtale det som tidlegare har vore kjent som bensinstasjon som energistasjonar. I dette notatet er energistasjon brukt som hovudregel, men der intervjuobjekt har brukt ordet bensinstasjon, har det blitt gjengitt i notatet.

2

Hagen, Herman Bjørnson (2024). «Ansatte på bensinstasjon tjener dårligere enn i butikk: - Urettferdig». HKNYTT 13. mars 2024. https://frifagbevegelse.no/hknytt/ansatte-pa-bensinstasjon-tjener-darligere-enn-i-butikk--urettferdig-6.158.1034053.9ab1193ee7

3

Drivkraft Norge (2024). «Energistasjoner» https://www.drivkraftnorge.no/Tall-og-fakta/energistasjoner/

4

Virke Servicehandel (2024). KBS-rapporten 2023-2024, s. 32.

5

Virke Servicehandel (2024). KBS-rapporten 2023-2024, s. 30.

Publisert: . Sist oppdatert: .

Bli Agendapartner

Vi trenger deg for å løfte debatten

Tankesmien Agendas oppgave er å styrke det offentlige ordskiftet gjennom kunnskapsformidling, utredninger, meningsutveksling og forslag til nye politiske løsninger. Vi trenger din hjelp for å fortsette jobben. Vi appellerer til deg som synes en fri, faktabasert og freidig samfunnsdebatt er et gode!

Mange mennesker som sitter i et rom og lytter til et foredrag.

Abonner på vårt nyhetsbrev

Unngå å gå glipp av noe! Få de siste oppdateringene fra oss rett i innboksen din.