Foto: FlickrCC, Martin Larsen

Menneskerettar først, alltid


Menneskerettane er ingen twist-pose. Derfor må Noreg slutte å plukke ut dei menneskerettane vi likar best.
Menneskerettane er ingen twist-pose. Derfor må Noreg slutte å plukke ut dei menneskerettane vi likar best. Menneskerettar er fortsatt langt frå sjølvsagte og alltid utfordra. Men universelle og absolutte menneskerettar er nettopp – og berre – kraftfulle fordi dei er universelle og absolutte. Då må vi også forsvare dei når det kostar. Dei siste åra har det vore ein klar tendens til at kortsiktige norske eigen­interesser er blitt prioritert før viktige verdiar i utanrikspolitikken.

Handel og laks

Vi såg det med Dalai Lama: At det bilaterale forholdet til Kina vart prioritert over å vise solidaritet med dei som lir under grove menneskerettsbrot i det kinesiske autokratiet. Det var kortsiktige eigeninteresser som handel og norsk laks som stod på spel. Vi såg det med avsløringa om at Noreg bryt menneskerettane som forbyr fengsling av barn, og at norske styresmakter har kjempa internasjonalt mot å styrke desse rettane – fordi Noreg vil ha rett til å fengsle asylbarn på Trandum.
Vi såg det med Dalai Lama
Vi har sett korleis Noreg held fram med å selge våpen til Saudi-Arabia samstundes som den norske utanriksministeren for ei veke sidan sa at det ekstremt autoritære styret i Saudi-Arabia «kan spele ei konstruktiv rolle i Midtausten». I sin rapport for kalenderåret 2015 omtalar menneskerettsorganisasjonen Free-
dom­ House Saudi-Arabia som «ein av dei 
verste menneskerettsundertrykkarane i verda». Vi hugsar godt korleis Noreg valde å sende tilbake asylsøkarar som kom frå Russland, med beskjed om at det var «trygt» for desse å opphalde seg i Russland. Det var i strid med klare tilrådingar frå FN sin høgkommissær for flyktningar og potensielt også Flyktningekonvensjonen.

Svin på skogen

Norske politikarar har gang på gang nekta å knytte seg til individklageordningane i FN for barns rettar, slik at norske barn også skal ha ein måte å klage inn brot på FNs barnekonvensjon. Noreg har fått kritikk frå ei rekke land for å ikkje ha implementert dette i norsk rett, men fleirtalet på Stortinget nektar framleis.
Det er ikkje berre regjeringa Solberg som har svin på skogen
Det er ikkje berre regjeringa Solberg som har svin på skogen. Ofte er det ein allianse mellom dei største partia i norsk politikk, Høgre, Arbeidarpartiet og Frp. Dei seier at det er viktigare å prioritere kortsiktige norske eigeninteresser framfor menneskerettar. Ikkje alltid rett ut, men det er slik politikken deira virkar mange­ gonger. Som då dåverande utanriks­minister Espen Barth Eide i 2013 reiste til Aserbajdsjan og bidrog til å legitimere det undertrykkande regimet der for at norsk næringsliv kunne tene pengar i landet.
Eg skriv bevisst kortsiktige norske ­eigeninteresser, fordi det er det det er
Eg skriv bevisst kortsiktige norske ­eigeninteresser, fordi det er det det er. Dei som er tilhengarar og forsvararar av eigeninteresser i utanrikspolitikken, prøvar å skape eit inntrykk av at ein må velje mellom eigeninteressene eller verdiane. Slik forklarte Børge Brende den nye «normaliseringsavtalen» med Kina, der Noreg fråseier seg retten til å kritisere dei alvorlege menneskerettsbrota i Kina. Slik at vi kan eksportere laks til den kinesiske marknaden.

Tilbakeslag

Heldigvis treng vi ikkje velje mellom eigeninteressene og verdiane i norsk utanrikspolitikk. Det kan derimot hende at vi blir tvungne til å velje­ mellom dei kortsiktige eigeninteressene (for eksempel lakseeksport) og eit vel­fungerande internasjonalt regime for menneskerettar.
Verda opplever stadig sterkare til­bakeslag for dei internasjonale menneske­rettane
Verda opplever stadig sterkare til­bakeslag for dei internasjonale menneske­rettane. Viss Noreg held fram med å bidra til å svekke dette regelverket gjennom nedprioritering av menneskerettar i utanrikspolitikken og konsekvente menneskerettsbrot her heime, tapar alle på det, også vi her i Noreg. Derfor må menneskerettane priori­terast først i norsk utanrikspolitikk. Fordi det er i vår eigeninteresse som menneske. Og fordi ein aldri veit når menneske­-
rettar plutselig blir avgjerande også for 
oss som enkeltmenneske. Det er då dei trengs. Kronikken er skrevet av Emil André Erstad og sto først på trykk i Vårt Land 11. januar 2017.
Forrige
Norge trenger friske tanker og ideer
Back To Top