Kurdiske styrker trener i Irak. Foto/FlickrCC: Kurdishstruggle

Det naive, norske militærbidraget til Syria


Å sende norske soldatar til Syria vil ikkje løyse krigen. Kanskje kan det bidra til å forverre situasjonen. Måndag vart det kjend at Norge innan sommaren skal sende ein styrke med soldatar til Jordan for å trene syriske opprørar som kjempar mot ekstremistgruppa IS. Grunngjevinga frå regjeringa er IS sine brutale haldningar og handlingar, og at desse fleire gonger har ramma Europa. «Ei av grunnene til at vi bidrar til koalisjonen er jo nettopp å overvinne ISIL og dermed redusere faren for terrorangrep mot norsk og europeisk jord», sa statsminister Erna Solberg då ho presenterte nyheita. Rettferdige intensjonar for krig Dei varsla også at det kan bli aktuelt å sende bakkestyrkar inn i Syria. Basert på pressekonferansen og uttalane i ettertid kan ein få inntrykk av at IS og kampen mot denne gruppa står fram nokså isolert frå den krigen som rasar i resten av Syria. Det er ikkje første gongen enkle løysingar vert presentert i tilknyting til krigen i Syria. Tidlegare har mellom anna Kristian Tonning Riise, leiar i Unge Høgre, tatt til orde for at Norge bør sende «støvlar på bakken» til Syria. Det er ganske opplagt ei rettferdig årsak til krigen mot IS, i tillegg er Norges intensjonar for krigen rettferdige. Og militærmakt er kanskje er ei av få tenkelege måtar å overvinne terrorgruppa. Likevel: Norge bør ikkje gå inn med troppar i ein krig dersom Norge ikkje kan føresjå at bruken av militærmakt vil ha nokon målbar effekt på situasjonen. IS er ikkje den einaste vondskapen Sjansen for at IS kan bombast bort frå bakken er liten, men viss så hadde skjedd – kven hadde vi då enda opp med å støtte? Og veit vi eigentleg kva negative konsekvensar Norges bidrag kan føre til for den brutale borgarkrigen som har ført millionar av menneske på flukt?
Alliansane skiftar fort, slagmarka er enda meir kompleks enn det som er vanleg i krigssituasjonar.
Vi har alle erfaringane frå Libya friskt i minne, og korleis NATOs militærkampanje bidrog til å skape eit maktvakuum og var ein utløysande årsak til at enormt mange menneske byrja å ta seg over Middelhavet til Italia. IS er ei avskyeleg terrorgruppe, men vondskapen i Syria er også utført av ei rekkje andre grupper. Alliansane skiftar fort, slagmarka er enda meir kompleks enn det som er vanleg i krigssituasjonar. Dagens støttespelarar kan fort ende opp som morgondagens fiendar. Det kan vere verd å minne om korleis ein i vestlege land i 1993 framstilte Osama bin Laden som ein positiv og fredselskande mann fordi han hadde hjelpt amerikanarane å jage Sovjetunionen ut av Afghanistan i 1989. Det står fram endå uklart kva faktiske grupper Norge skal trene opp. Viss dette stemmer er det ikkje rart at både SV og Sp har stilt seg kritisk til bidraget. Det burde fleire gjort. Vi veit at mange av gruppene som kjempar mot IS sjølv er skulda for grove menneskerettsbrot. Sjølv om det er eit folkerettsleg mandat på plass for den internasjonale koalisjonen mot IS, betyr ikkje det at å sende soldatar er riktig uansett. Forenklar ei komplisert krig VG skriv på leiarplass at «Norge må ta sin del av byrda i kampen mot IS. Men vi må vite at kampen mot IS også er vår kamp. De utøver sin vondskap både i område de har erobret, og i Europa. De truer oss». VG ser ut til å gløyme at krigen i Syria er ytst komplisert, og består av mykje meir enn ein felles kamp mot IS. Svaret frå VG og regjeringa på kva vi skal gjere med eit så komplisert spørsmål er for enkelt. Dei 60 soldatane Norge skal sende kan i verste fall vere med på å auke sjansane for at lokale krigsherrar når sine smale mål, og har ingen moglegheit til å bygge den stabiliteten og tryggleiken som trengst i Syria – sjølv om det i realiteten også er eit skarpt oppdrag. Det ser meir ut som symbolpolitikk enn eit vesentleg bidrag til å endre situasjonen. Manglar på Norges strategi Sjølv om bidraget ikkje er på meir enn 60 spesialsoldatar, og sjølv om desse skal drive «opplæring og støtte» av syriske opprørsgrupper, er den mest dramatiske opptrappinga av norsk krigsinnsats på mange år. Det er allereie opna for at soldatane kan sendast inn i Syria – til sterke protestar frå det syriske regimet. Å sende norske soldatar i krig er det mest alvorlege politikarane kan ta stilling til. Det viser seg ikkje alltid att i korleis dei diskuterer det og kor grundige prosessar vi har. Statsminister Erna Solberg burde som eit minimum latt Stortinget debattere saka først.
Bidraget på 60 soldatar kjem få dagar etter at både Høgre og Frp har fått kritikk på eigne landsmøte
At det attpåtil ser ikkje ut til å ligge noko større strategi bak frå Norges side, i tillegg til at UD sine interne notat og folkerettsekspertar reknar det folkerettslege grunnlaget som svakt, gjer ikkje situasjonen betre. Dessutan er det påfallande at det ikkje er noko endring på bakken i Syria som tilseier at situasjonen er annleis no enn den var i fjor haust – då Erna Solberg avviste å sende norske styrkar til Syria. Det ser ikkje ut til å vere store endringar i dei internasjonale behova for styrkebidrag heller. Bidraget på 60 soldatar kjem få dagar etter at både Høgre og Frp har fått kritikk på eigne landsmøte og i eigne rekker for å ikkje vere forsvarsvenlege eller handlekraftige nok. Ingen kjempar den gode saka Dei siste åra har eg snakka med og intervjua fleire titals syriske flyktningar som har fortalt meg om grove overgrep og forferdelege lidingar bak krigens frontlinjer, inne i Syria. Det som har forbausa meg er at dei ikkje har fortalt meg ei historie om dei gode mot dei vonde. Dei som kjempar for demokrati mot dei som kjempar for diktaturet – enten det er Assads brutale overgriparstat eller IS sitt fundamentalistiske shariastyre. Dei flyktningane eg har snakka med har fortalt om sjokkerande og blodige overgrep frå alle sider av konflikten. Korleis Norge skal kunne halde desse gruppene ansvarleg dersom vi samarbeider med dei og dei utfører overgrep mot sivile, er framleis i det blå. «Det finst ingen som kjempar for gode saka i Syria. Alle har blod på hendene», har fleire av flyktningane eg har snakka med, sagt. Eg er ingen pasifist og støttar bruk av militærmakt under riktige høve. I Syria må vi likevel vere klar over at den største faren er at Norge med sitt bidrag kan vere med på å gjere ein vanskeleg situasjon endå verre. Kronikken er skrevet av Emil André Erstad. teksten ble først publisert på NRK Ytring 7. mai 2016.
Forrige
Norge trenger friske tanker og ideer
Back To Top