Foto: FlickrCC, Norges FN delegasjon

Prisen for normalisering Publisert:

Viss ein meiner at menneske­rettar er mindre viktig enn næringsliv, kan ein like godt seie det rett ut.

Mange trudde at forholdet mellom Norge og Kina vart normalisert 19. desember 2016, då Børge Brende underteikna ein avtale med den kinesiske regjeringa om vilkår for normaliseringa. I perioden frå tildelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo i oktober 2010 til 2014, fall den norske eksporten til Kina dramatisk som konsekvens av kinesiske sanksjonar mot norske varer, selskap og styresmakter. Færre er klar over at forholdet mellom Kina og Norge allereie i 2014 i praksis vart normalisert, etter at eksportinntektene dette året gjekk tilbake til normalt nivå frå før Nobelpris-utdelinga.

Ein kan mistenke at dette skuldast ein konsekvent nedprioritering av menneske­rettar i norsk utanrikspolitikk overfor Kina. Ei nedprioritering som vart skriftleg avtalefesta gjennom normaliseringsavtalen med Kina mot slutten av 2016.

Fleire journalistar er arrestert og tvungne til offentlege tilståingar på TV

Årsrapporten frå Human Rights Watch for 2016 skildrer korleis kinesiske styresmakter får kritikarar til å forsvinne i Hong Kong, menneskerettsaktivistar og advokatar blir fengsla og hindra frå å kommunisere med familie og vener. Freedom House peikar i sin årsrapport for 2016 på at dei sivile og politiske ­rettane i Kina har blitt ytterlegare svekka det siste året. Fleire journalistar er arrestert og tvungne til offentlege tilståingar på TV. Det er lite som peikar på at Kina vil respektere menneskerettane med det første.

I forskingsartikkelen frå Christian ­Michelsens Institutt (CMI) med tittelen «Too big to fault?», skrive av Ivar Kolstad, slår ein fast følgande: Umiddelbart etter at Nobels fredspris vart gitt til Liu Xiaobo i 2010, byrja Norge å stemme med kinesarane i aukande grad på resolusjonar som handla om menneske­rettane.

I 2011 stemte Norge meir med Kina enn Norge elles ville gjort og mykje meir enn dei andre nordiske landa

Den norske regjeringa brukte mykje tid på å markere distanse til den uavhengige Nobelkomiteen som hadde stått for prisen til Xiaobo, utan å forsvare prinsippa som låg til grunn for tildelinga.
Det er tydeleg at kinesarane på denne måten effektivt kan bruke økonomiske sanksjonar for å påverke andre demokratiske land sin utanrikspolitikk når det gjeld demokrati og menneskerettar.
Faktisk slår forskaren ved CMI fast at einigheit i stemmegivinga mellom Kina og Norge i FN sine resolusjonar auka signifikant etter Nobelpris-utdelinga i 2010. I 2011 stemte Norge meir med Kina enn Norge elles ville gjort og mykje meir enn dei andre nordiske landa, skriv forskaren. Essensen er, i følge Kolstad, at «norske styresmakter ser ut til å ha bytta innrømmingar på menneskerettar mot handelstilgang på den kinesiske marknaden».

Kinesarane har faktisk eit eige ord for å rehabilitere forholdet mellom ­partar eller å bli «tatt inn i varmen att», som dei kallar for píng fân

Norge er ikkje det første landet som har hamna i den diplomatiske fryseboksen til kinesarane, og vi er heller ikkje det første landet som har greidd å kome oss ut av den. Kinesarane har faktisk eit eige ord for å rehabilitere forholdet mellom ­partar eller å bli «tatt inn i varmen att», som dei kallar for píng fân. Det kan framleis bli særs krevjande for Norge. Vi kjem oss ikkje bort frå at kinesiske «kjerneinteresser» står i konflikt med grunnleggande norske menneskerettsprinsipp. Det kjem også klart fram i avtalen Kina og Norge underteikna 19. desember i fjor, som slår fast at «norske myndigheter fullt ut må anerkjenne Kinas sosiale system, og at Norge forplikter seg til å legge stor vekt på Kinas hovedinteresser og viktigste bekymringer og ikkje skal støtte handlinger som underminerer disse interessene».

I 2011 fekk ikkje Dalai Lama ein gong sleppe inn i Folketinget då han besøkte landet. I ettertid har danske politikarar måtte spele etter Kinas pipe

Vi skal ikkje lenger sør enn til vårt nabo­land Danmark før vi kan lære mykje om kva erfaringar som vil møte oss i tida framover. Det var møtet mellom den ­danske statsministeren og Dalai Lama i 2009 som førte til at Danmark vart kasta i fryseboksen. Krisa ramma dansk ­næringsliv, samstundes som danske ­ministrar vart nekta besøk til Kina. Kinesarane ville ikkje ha noko med danskane å gjere før danske og kinesiske styresmakter vart einige om ein «verbalnote», der Danmark slo fast at dei var motstandarar av tibetansk sjølvstende. I 2011 fekk ikkje Dalai Lama ein gong sleppe inn i Folketinget då han besøkte landet. I ettertid har danske politikarar måtte spele etter Kinas pipe. Det same har tidlegare skjedd med Mongolia, Storbritannia og Indonesia.

Utanriksminister Børge Brende har ved fleire tilhøve peika på at «normalisering» gir Norge betre moglegheiter til å ta opp menneskerettsbrot med Kina. Logikken er altså at viss ein styrkar dei kinesiske menneskerettsforkjemparane, så svekkast tilhøva for å arbeide med menneskerettar i Kina. Leiaren av den danske tenketanken Justitia, Jacob Mchangama, sa i 2015 at dette var ei «absurd» logikk. «Skada det også menneskerettane når dissidentar under Den kalde krigen vart møtt av vestlege leiarar? Sjølvsagt gjorde det ikkje det. Det er jo noko av det som alle dissidentar vil seia styrkar dei», sa Mchangama i 2015.

Norge bør bli mindre økonomisk ­avhengig av Kina og autokratiske land som Saudi-Arabia

Det er tydeleg at norsk økonomi ikkje kan vere så avhengig av autokratiet Kina viss menneskerettane skal spele ei stor og truverdig rolle i norsk utanrikspolitikk. Her vil mange peike på manglande løysingar. Det finst likevel nokre ting som kan gjerast. La meg peike på to av dei:

Norge bør bli mindre økonomisk ­avhengig av Kina og autokratiske land som Saudi-Arabia. Det kan høyrast vanskeleg ut, men handlar rett og slett om at Norge sikrar seg større spreiing i porte­føljen av land Norge eksporterer til. Det vil redusere Kinas og autoritære ­statars makt til å gjennomføre økonomiske sanksjonar mot Norge.
Betre internasjonal koordinering i menneske­rettsarbeidet: Dersom Norge og fleire likesinna land hadde utøvd ­kritikk mot Kina samla på same tidspunkt, ville det vore mykje vanskelegare for kinesiske styresmakter å kollektivt straffe desse landa. Det ville også fått større konsekvensar for kinesisk økonomi.

Viss ein meiner at menneskerettar er mindre viktig enn næringsliv, så kan ein like godt seie det rett ut.

 

Kronikken er skrevet av Emil André Erstad og sto først på trykk i Bergens Tidende

VI ANBEFALER OGSÅ..

  • Solidaritet og patriotisme forutsetter ikke etnisk likhet

    Kommer det egentlig noe godt ut av å forsøke å definere hvem som er «etnisk...

    Les mer...
  • Trumps to første uker

    På bare to uker har Trump gått løs på mye av arven etter Obama. Demokratene...

    Les mer...
  • Verdens klima over stupet

    Fjoråret pustet nytt liv i klimakampen. Nå baner Trump vei for en ny...

    Les mer...
  • Menneskerettar først, alltid

    Menneskerettane er ingen twist-pose. Derfor må Noreg slutte å plukke ut dei...

    Les mer...
  • Populisme i praksis

    Sylvi Listhaug vil ta kontantene fra asylsøkerne, og erstatte det med...

    Les mer...
  • Menneskerettar i populismens tid: Korleis styrke menneskerettane i norsk politikk?

    Kor og korleis er menneskerettar under press, og kva har bidreg til...

    https://tankesmienagenda.no/no...
  • Meir berekraftig forvaltning av oljefondet

    Oljefondet forvaltar i dag over 7000 milliarder kroner på vegne av det norske...

    https://tankesmienagenda.no/no...
  • Eit internasjonalt forbod mot atomvåpen – Konsekvensar for Norge i NATO

    Kva vil eit eventuelt norsk ja til eit internasjonalt forbod mot atomvåpen vil...

    https://tankesmienagenda.no/no...