Menneskerettar i populismens tid Publisert:

La oss tenke oss at verdas demokrati er ein saueflokk og at dei autoritære er ulvar på jakt. Her er ti punkt for kva Norge kan gjere for å hindre angrep frå ulvane.

Mange av oss har tenkt at menneskerettane som idé, institusjon og juridisk rammeverk er noko vi kan ta for gitt. I verket A Study of War skreiv Quincy Wright om forholdet mellom dei opne, liberale demokratia og dei autoritære regima: «Jo fleire sauar, desto betre jakt for ulvane». I USA, Polen, Ungarn og Tyrkia har vi sett korleis autoritære kreftar har gjort seg nytte av demokratisk openheit i sin veg til makta.

I eit slikt perspektiv er det derfor avgjerande at Norge har ein offensiv og bevisst politikk på korleis menneskerettane si rolle kan styrkast både i norsk innan­riks- og utanrikspolitikk. Her er ti tiltak som kan vere blant dei viktigaste Norge kan gjennomføre:

1: Forsterka norsk innsats for menneskerettsforkjemparar.

Tilstanden for menneskerettsforkjemparane er på ­mange måtar ein temperaturmålar på menneskerettane i dei landa der menneskerettsforkjemparane opererer. Det viktigaste Norge kan gjere er å støtte menneskerettsforkjemparane lokalt i landa der dei er. Mange autoritære regime har ein strategi om å drive aktivistane i eksil, noko Norge bør jobbe for å hindre. Her er mellom anna støtte­ordningar for fengsla menneskerettsforkjemparar viktig. I tilfeller der menneskerettsforkjemparar treng beskyttelse i andre land bør Norge vere først i ­rekka til å tilby denne beskyttelsen. Norge bør også ta initiativ til ei felles­europeisk overvakings- og ­beskyttingsmekanisme for menneskerettsforkjemparar gjennom dei internasjonalt anerkjente menneskerettsorganisasjonane.

2: Meir, tidlegare og betre under­vising om menneskerettane.

Undervising i menneskerettar burde starte tidlegare og meir omfattande enn det som skjer i dag. Det er eit utbreidd problem at menneskerettane utgjer ein for liten del av utdanninga ved fleire viktige studiar og skular i Norge. Allereie på barneskulen burde menneskerettane bli ein større del av pensum. I dag er for eksempel ikkje dei internasjonale menneskerettane alltid ein sentral av studia ved verken jus, økonomi eller administrasjon på mange av studiestadane i Norge, trass i at mange av dei som utdannar seg innan desse retningane seinare vil ha mange kontaktpunkt med tema knytt til menneskerettane.

3: Auka støtte til utvikling av robust sivilsamfunn i autoritære statar.

Norge har pengar, og pengar tel — også i arbeidet for å ­fremje menneskerettar. Dei autoritære nyttar pengar i sin kamp mot menneskerettane, fordi dei veit at pengar tel. Norske pengar burde i større grad brukast til å bygge kapasitet og institusjonar i land der menneskeretssituasjonen er svak. I tillegg bør Norge i større grad nytte EØS-midlane til å fremje sterke sivilsamfunn i statar som Polen og Ungarn. Det vil halde fram å provosere styres­maktene i desse landa, fordi dei ser at det verker.

4: Norsk menneskerettskritikk må i større grad koordinerast med likesinna land.

Tidlegare var Norge modige i sin kritikk av det kinesiske auto­kratiet. Problemet for landa som kritiserer Kina er at dette kan gå utover interesser som då blir sett opp mot omsynet til menne­skerettar. Norge må i endå større grad sette fram kritikken mot menneskerettssituasjonen i for eksempel Kina i samarbeid med likesinna land. Norge bør i konkrete menneskerettsspørsmål koordinere seg med land som har same syn som Norge før kritikken blir sett fram. Det gjer at ­landa som set fram kritikken ikkje blir fullt så sårbare som viss dei set fram kritikken på eiga hand.

5: Aktiv deltaking i euro­peiske menneskerettsinstitusjonar som Europarådet og OSSE.

I Europa har vi sterke institusjonar som skal hindre brot på menneskerettane her. Desse gjeld ikkje berre for medlemslanda i EU, men for alle europeiske land — inkludert Russland og Kviterussland. Det har dei siste åra vore ein tendens til at Norge ikkje aktivt har brukt for eksempel OSSE til å ta opp systematiske menneskerettsbrot i land som ligg oss nær. Ved å ikkje nytte desse institusjonane og ved å ikkje omtale eller kritisere systematiske menneskerettsbrot risikerer vi at institusjonane blir svekka, men også at verdiane desse institusjonane er bygd på blir svekka.

6: Meir systematisk menneskerettsdialog.

Menneskerettsdialogen er ein lang tradisjon i norsk utanrikspolitikk, ein kunnskapsbasert dialog der ramma er dei inter­nasjonale menneskerettane. Dia­logen består av opne og ­ærlege samtalar på politisk nivå og embetsnivå om utfordrande spørsmål, i tillegg til tematiske ekspertdiskusjonar med deltaking frå styresmakter, akademia og sivilsamfunn.

7: Norge må halde orden i eige hus.

Det er av særs stor betydning at Norge rettar seg etter dei menneskerettane som gjeld internasjonalt, også heime. Dersom ­dette ikkje skjer, bidrar Norge til at sjølve grunnlaget for dei universelle menneskerettane eroderer. Det er behov for ei offentleg utgreiing som går gjennom kva område Norge ikkje følger opp menneskerettane nasjonalt og som kjem med tilrådingar til korleis Norge raskast mogleg kan implementere desse rettane i nasjonal politikk, til dømes på feltet innvandrings- og asylpolitikk.

8: Sørge for at Norge ikkje blir oppfatta som ei frihamn for menneskerettsovergriparar.

Norge bør støtte utviklinga av eit europeisk lovverk etter ­modell frå den amerikanske Magnitsky-lova, som forhindrar innpass til Europa for menneskerettsovergriparar frå eitkvart land. Desse burde kunne nektast innreise og få verdiane sine fryst.

9: Innføre krav om årlege ­rapporteringar for norske ­selskap sine potensielle bidrag til ­menneskerettsbrot.

Eit av dei sentrale punkta i FN sine vegleiande retnings­linjer for næringsliv og menneskerettar slår fast at selskap og investorar pliktar å respektere menneskerettar, utan at ein tek frå ­statane det overordna ansvaret for å realisere ret­tane. For å sikre at ­dette arbeidet blir prioritert av bedriftene, bør norske styresmakter krevje at det blir bindande for norske bedrifter og selskap å gjennomføre årlege aktsomheits­vurderingar for menneske­rettar.

10: Norge bør jobbe for å sikre legitimiteten til menneske­rettane internasjonalt.

Det er avgjerande at men­ne­ske­rettane som idé og juridisk rammeverk ikkje blir vatna ut eller at legitimiteten til rettane vert redusert. Norge bør mellom anna jobbe for å få på plass mekanismar som gjer at den europeiske menneske­rettsdomstolen og andre inter­nasjonale handhevingsorgan for menneskerettar tar inn færre og meir prinsipielt viktige saker.

Kronikken er skrevet av Emil André Erstad og sto først på trykk i Vårt Land 8. juni 2017.

VI ANBEFALER OGSÅ..

  • Det gamle og nye norske vi

    Vi innvandrere må gjøre den norske historien til vår, skriver Sylo Taraku.

    Les mer...
  • Populistenes tofrontskrig

    Hvordan kan liberalismens fyrtårn i Europa ha frembragt Geert Wilders? Sylo...

    Les mer...
  • Menneskerettar først, alltid

    Menneskerettane er ingen twist-pose. Derfor må Noreg slutte å plukke ut dei...

    Les mer...
  • Menneskerettar når det passar

    I 2014 tok Stortinget FNs flyktningkonvensjon inn i Grunnlova. Berre eit år...

    Les mer...
  • Menneskerettar i populismens tid: Korleis styrke menneskerettane i norsk politikk?

    Kor og korleis er menneskerettar under press, og kva har bidreg til...

    https://tankesmienagenda.no/no...