Foto: FlickrCC, Oslo rådhus

Den naive ­liberalismen Publisert:

Å privatisere dei vanskelegaste verdispørsmåla i samfunnet løyser ingenting. Det er liberalismens svakaste punkt.

Eg hugsar godt då eg las Guri Melby­ sin argumentasjon for å opne for ikkje-kommersiell surrogati i september i fjor. På spørsmål om kva som var grunngjevinga hennar, svara ho: «Dette er et klassisk, vanskelig verdi­spørsmål. Hovedbegrunnelsen for flertallet er at det er en verdiavgjørelse som må overlates til individet (….). Skal jeg si min mening, så ville jeg aldri valgt å være surrogatmor eller anbefalt andre å gjøre det. Men jeg kan ikke stille meg til doms over andres valg».

Det var nesten sånn at eg kunne høyre ekkoet frå Torbjørn Egner som oppsummerte liberalismen i Politimester Bastians vise: «Man skal ikke plage andre, man skal være grei og snill, og for øvrig kan man gjøre hva man vil».

Slik vert dei vanskelegaste verdispørsmåla i vårt samfunn privatiserte.

Pregar Vesten

Dei siste åra er det ­ingen ideologiar som har prega den vestlege verda­ så mykje som liberalismen. Det merker ein godt i norsk politikk. Melby og Venstre er ikkje dei første som tar til orde for å lesse dei vanskelegaste verdispørsmåla over på enkeltmenneska sine skuldrer. Oftast kjem denne typen argu­mentasjon frå dei mest overtydde liberalistane i Framstegspartiet og Høgre, men vi har òg sett denne argumentasjonen snike seg inn hos andre, som i Arbeidarpartiet.

Liberalismen er bygd opp rundt angrep på det absolutte. I mange høve har den bidratt til gode endringar for samfunna våre, men også fruktene frå liberalismen når eit mettingspunkt. Mange liberalistar har likevel gjort det til si livsoppgåve å sørgje for at grenser som ikkje skal kryssast, vert fjerna.

Fellesskapsspørsmål

Argumentasjonen kan kjennast att i sak etter sak:

Vi må tillate søndagsopne butikkar, slik at folk kan styre sjølv kva tid dei går på butikken.

Vi må tillate surrogati fordi folk sjølv kan avgjere om dei vil nytte tilbodet.

Vi må tillate sexkjøp fordi det må vere opp til folk sjølv å velje om dei vil selje eller kjøpe sex.

Vi må tillate aktiv dødshjelp slik at folk sjølv kan bestemme når dei vil døy.

Vi må tillate hasj slik at folk sjølv kan velje om dei vil ruse seg eller ikkje.

Eg trur det er ein farleg politisk veg å godta premissen om at dei vanskelegaste spørsmåla i eit samfunn ikkje kan løysast i fellesskap. Eg trur ikkje vi kjem utanom at det må ligge nokre fellesverdiar i botn viss vi-et skal halde fram med å fungere. Verdispørsmål er fellesskapsspørsmål.

Naiv fridom

Liberalismen legg opp til at mennesket skal vere fullstendig fritt frå alle formar for bindingar slik at ein kan gjere slik ein sjølv vil i alle situasjonar. Eit slikt fridomsideal er ikkje berre framandt for mange, men grenselaust naivt og fullstendig urealistisk. Likevel ser vi at det får meir og meir boltreplass i den politiske debatten, for eksempel i den ­aktuelle debatten om ei ny bioteknologilov.

Der vil til dømes spørsmålet om kven som skal sorterast ut, skape debatt. Nye metodar for fosterdiagnostikk, som blodprøven NIPT (non-invasive prenatal test) opnar for nye høve til å sortere bort gen og velje vekk foster med visse sjukdomar. Vi kan sjølvsagt la det vere opp til kvar familie eller kvar kvinne å velje om dette er innanfor den etiske grensa. Vi kan ikkje samstundes late att auga for konsekvensane ein slik sorteringspolitikk vil få for måten vi framover vil sjå på sjukdomar og det å vere annleis.

Enkeltmenneska sine verdival har ­potensial til å skape eit heilt anna samfunn.

Politikken har alltid debattert kor dei etiske grensene skal gå. «Min fridom sluttar der din byrjar», sa den liberale filosofen John Stuart Mill. Sjølv dei mest hardnakka liberalistane vil nødvendigvis sette ei grense for kor langt fridomen kan gå.

Liberalistane må slutte å snakke som om slike grenser ikkje eksisterer.

 

Kronikken er skrevet av Emil André Erstad og sto først på trykk i Vårt Land.

VI ANBEFALER OGSÅ..

  • Den viktige fellesskolen

    Skolen har en sentral funksjon som en integreringsarena i identitetspolitikkens...

    Les mer...
  • Verdipatriotisme

    Multikulturalismen er død, men hva kommer etter? Sentrum-venstre bør komme mer...

    Les mer...
  • Sosial mobilitet i Norge

    Tankesmien Agenda lanserte 11. november en kortfilm om sosial mobilitet i...

    Les mer...
  • Er sosialdemokratiet i krise?

    Er sosialdemokratiet i Europa i krise? Se vårt møte med Göran Persson på...

    Les mer...