Verdier i utviklingspolitikken
Skal utviklingspolitikken styrast av eit sett med verdiar – og i så fall kva?
Norsk bistand har sidan starten hatt som mål å bidra til auka demokratisering, vektlegging av dei universelle menneskerettane og støtte til tiltak som kan bringe menneske ut av fattigdom. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom at det er eit uttalt mål i norsk utviklingspolitikk at det skal stillast tydelege krav til mottakarar av norsk bistand om vilje til framgang innan menneskerettar, demokrati og rettsstatsutvikling.
Arbeidet med å fremje enkelte verdiar, til dømes menneskerettar, vert òg integrert i alle delar av utanriks- og utviklingspolitikken. Hensikta er at det skal sikre at innsatsen på dei ulike områda verkar i same retning og at den samla innsatsen er gjensidig forsterkande. Er det legitimt av Norge å krevje at menneske i andre land skal bli som oss?